Jeg kan ikke definere et godt dikt men jeg gjenkjenner det når jeg opplever det. Jan Kidøy er en relativt ukjent poet men en av mine favoritter. Jeg har invitert han på besøk til min diktside og han takket ja — heldigvis
Skuffa
Kjøkkenet mitt har fem skuffer.
Bortsett frå den øverste
er det uvisst kva som er oppi dei.
Iallfall må eg åpne minst tre
for å finne det eg leitar etter.
Kommodane har tre skuffer kvar,
og ingen her i huset veit kva dei inneheld.
Så det er siste plassen eg ser om eg saknar noko.
Og finn eg det, ligg det alltid i den siste.
Eg lærer visst aldri å sjå i den siste først.
Men så er det vel meininga
at skuffer skal være hemmelege stader?
Med fine frontar og knottar som glir inn i miljøet
og skjuler alt rotet vårt?
Eg tenkte eg er glad eg ikkje er ei skuffe
– men så er det vel akkurat det eg er?
Om fronten kanskje kunne vore litt glattare
så oppfyller han si hovudoppgåve,
å skjule alt skrotet eg har tatt vare på.
Og skulle du prøve å finne fram inni meg
kan eg garantere at du blir skuffa.
(Jan Kidøy)