Du trudde det var tare

Dette diktet er skrevet av en av mine favorittpoeter Jan Kidøy. Han skriver mye bra og dette er et dikt jeg virkelig liker

Du trudde det var tare

Du trudde det var tare?
Desse brune, glatte stammane
som står og ruggar i djupet,
og som stormen ruskar opp
og legg i haugar langs strendene?

Nei, dette er er dei tunge tankane,
dei uberande børene
og dei knuste draumane.
Slikt folk hiver frå seg
på si vandring att og fram.
Dei vonar havet skal sluke dei,
så dei aldri ser dei meir.

Dei trur dei kan bli kvitt dei,
men dei kan aldri døy.
Dei veks seg store i djupet
slik dei gjorde i deg.
No velt dei opp med bårene
og ser etter deg.
Dei veit at du alltid
vender attende til havet
for å sjå til gravene.

Så ligg dei der i haugar
saman med alt anna tungt.
Dei ligg der som dødningar
og lurer på deg, klar til å slyngja
sine glatte armar kring føtene dine
og ta deg attende i si makt …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *