Alvorsprat

Dette diktet er skrevet av Jan Kidøy som stadig vekk treffer meg med sine dikt og tekster. Med hans tillatelse er han representert som gjest på denne siden.


Når du er i einerom
og tek den alvorspraten
med deg sjølv
som du stadig har utsett,
så ikkje prøv å være ærleg.
Lyg litt for deg sjølv,
skryt litt av kor godt du har det,
kor nøgd du er med livet.
Vær litt raus, ta litt godt i!
Tenk deg at du skriv på Facebook,
eller at du skriv eit julebrev.
Prøv å male fram glansbildet,
den du eigenleg er,
den som er deg, om berre …
Stryk «om berre»!
No er det deg sjølv du snakkar med,
denne praten kjem ikkje vidare.
Men det gjer så godt
å lufta tankane sine
og å forsikre seg om
at livet er godt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *