En diktperle fra Jan Kidøy sin penn. Slike gjester vil jeg gjerne ha på siden min
ORD
Ord på papiret
har lite kraft i seg sjølv,
men når dei byrjar sjå på deg,
eller endog snakke til deg,
kjenner du at dei er meir enn ord.
Det skjer til og med at dei tek av frå papiret
og på mirakuløst vis finn plass inni deg.
Der vert dei verande som hogde i stein,
og krafta dei utstrålar
kan endre heile deg.